Walk of Game | |||
Walk of Game 37°47′04″N 122°24′12″W / 37.784374°N 122.403424°W |
---|
Walk of Game var eit område med stjerner i bakken laga for å æra bidrag til dataspelindustrien, i Metreon-bygningen i San Francisco i California. Han blei skipa i 2005, og namn blei valde ut gjennom ei internettavstemming.[1] I februar 2006 selte Sony Metreon-bygningen til Westfield Group. Etter dette blei ikkje Walk of Game oppdatert. I 2012 blei området Walk of Game hadde vore på gjort om til ein Target-butikk, og stjernene i bakken blei fjerna.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search